På fjellsenteret arbeider vi for fullt med den nye hovudutstillinga Bergtatt som skal opne i 2018. Til ein del av denne utstillinga treng vi hjelp frå foto- og fjellglade folk! I utstillinga skal vi syne 1500 bilde frå norsk natur. Fjelltur, skitur, setring, gjeting, hytteliv, kulturlandskap, fiske, jakt, dyr... I det heile tatt eit vidt spekter bilde som syner menneske og fjell.