Skuleopplegg på Norsk fjellsenter

Jernalderdag, bronsealderdag, vikingdag eller omvising med fokus på klimaendringar? Vi har fleire skuleopplegg klare, og skreddersyr gjerne eit opplegg etter dykkar ynskjer. Elevar i alle aldrar er hjarteleg velkomne til Norsk fjellsenter og Klimapark 2469. Vi kjem til å leggje ekstra vekt på å formidle korleis naturen vår endrar seg som ein konsekvens av klimaendringane i tida framover.

Ta kontakt med formidlingsansvarleg Olav Tøfte på olav@norskfjellsenter.no eller telefon 990 28 262. Du kan også kontakte oss på post@norskfjellsenter.no og telefon 61 21 16 00 for informasjon om eller bestilling av skuleopplegg hjå oss.

Opplegg etter læreplanar

Vi ønskjer å formidle historie på ein praktisk måte, spennande og lærerikt. Skuleopplegga for grunnskulen er tilpassa læreplanane for dei ulike klassetrinna og faga, og kan difor inngå i den ordinære undervisninga. På fleire av opplegga, samarbeider vi med andre relevante aktørar, som SNO og fjellstyre.

kostnadar

Ta kontakt med oss om du ynskjer eit opplegg for di klasse, så får du eit pristilbod frå oss.

Olav Tøfte er ein trygg og erfaren pedagog som gjerne skreddersyr eit opplegg for deg og din klasse.


Våre heildags skuleopplegg

Fjellviten - for 1. klasse

Ingen tek sterkare dyras parti enn seksåringar. Denne dagen får elevane sitt fyrste møte med Fjellsenteret sin mammut og den 55000 år gamle støyttanna vår. Dinosaurar og istid blir også tema før vi samkøyrer tankane kring dagens dyr i norsk natur. Vi lagar ein fiktiv nasjonalpark saman med ungane, og vi fyller denne med alt det liv som vi og ungane meiner høyrer nasjonalparken vår til. Så utfordrar vi nasjonalparken med menneskeleg aktivitet, og let ungane ta dyra og naturen si stemme.

Denne leiken får ungane til å setja ord på korleis natur og menneske kan leva side om side og saman. Elevane får ei god innføring i omgrepet nasjonalpark. Utstillinga vår Fjellviten blir arena for siste delen av dagen, og vèr, kart, landskap og erosjon blir noko av temaet. Artskunnskap er ei forutsetjing til å verdsetja naturen, så sporkjennskap og dyreekskrement må vi leggje litt tid på. Elevane reiser heim med eit godt grunnkurs i fjellviten, som blir knaggar til å henge ny kunnskap på.

Steinalderdag - for 2. klasse


Gjennom mange meter med tidslinje, i form av eit tau, får elevane eit fysisk perspektiv på kvar steinalderen er i den menneskelege historia. Eit liv med tre, stein og bein som dei viktigaste hjelpemidla er strevsamt, og her får elevane lære korleis ein kledde seg til å bu i Lom for 7000 år sidan. Vi må besvare korleis vi veit at det har vore folk i Lom allereie den gongen. Den brearkeologiske utstillinga vår er ei spennande kjelde til å finne ut meir om dette. Saman med elevane legg vi funn av helleristningar og Ötzi til i denne undersøkinga.

Vidare skal elevane få lære kor sentral reinen har vore, og korleis den blei nytta både til mat, klede og utstyr. Vi formidlar korleis dei fekk fyr på bålet i steinalderen, og korleis dei kunne koke vatn og kjøtt utan kjele. Jeger- og sankarlivet skal deretter leikast for å synleggjere kontrasta til å vera fast busett, for gjennom leik og aktivitet skapar vi ny og varig kunnskap hjå elevane.

Bronsealderdag - for 3. klasse

I 2006 dukka Noregs eldste sko opp mellom steinar og smeltevatn ved ei fonn her i Lom. Dette var ikkje berre eit symbol på klimaendringane, men med ein alder på 3400 år er skoa eit bevis på at den menneskelege aktiviteten i området har vore kontinuerleg frå steinalderen fram til i dag.

Denne skuledagen legg vi lokk over myta om at det var bronse som var mest brukt til reidskapar i bronsealderen. Med piler og ski daterte til denne perioda kan vi nyansere biletet, og skape forståing for at overgangen mellom periodene på ingen måte er tydelege. Saman med elevane leikar vi at vi er arkeologar denne dagen. Ein må innom bronsealderen for å forstå samanhengen mellom dei to andre periodane.

Bronsealderen var tida der folk gjekk frå nomadeliv til å bli bufaste. I denne tida etablerte jordbruket seg, og folk flytta inn i større og meir permanente bygningar. Husdyrhald erstatta ikkje jakt- og fangstkulturen, men supplerte den. Handel blei vanlegare, og handelsvegar til sjøs etablerte seg. Ved å støype tinn får elevane halvvegs kjennskap til prosessen å lage bronse, men overraskinga blir stor når dei ser kor mykje som faktisk skulle til før ein nordmann kunne stå med bronse i handa for så lenge sidan.

Jernalderdag - for 4. klasse

Storheitstida til Noreg er nettopp i denne perioda, og vi opnar opp museet si hovudutstilling der majoriteten av dei brearkeologiske funna kjem frå vikingtida. Frå Snorre sine tekster tek vi elevane med på reisa til Heilag Olav, tvers igjennom Reinheimen og ned til Lom på kristningsferda hans. Historia er viktig da det innebar store endringar både lokalt og nasjonalt.

Mannsgrava i Lom er eit eksempel på typisk gravskikk frå denne tida, og vi har kopiar av både piler, boge, sverd, økser og spyd slik at ein kan kjenne på korleis desse jernvåpna kjentes ut i handa. Vi vektlegg eldkunsten, og kan hjelpe elevane med å gjere flintstein og stål til gneist og bål.

Som alltid er vi opptekne av at eleven må få gjera for å læra. Det er ikkje uvanleg at elevar ber om å få med seg kopi av spelereglane til vikingtidas brettspel når dei skal reise heim att.

Barske glæder - for 5. klasse

Her er opplegget som gjev deg eit lystbetont forhold til naturen. Ein vanleg skuledags skulekrav blir erstatta med leik, konkurransefridom og frisk luft. Grunnidèen for dagen er å gje elevane erfaring med at naturen er i seg sjølv ein levande leikeplass.

Vi samarbeider med både Lom fjellstyre og Norsk villreinsenter når vi her krydrar eit skogsterreng med blant anna sanseløype, bålkurs, lassokasting og bogeskyting. Det enkle friluftslivet går att i alt vi gjer, og mat på bål gjer dagen komplett. Vi trur elevane dine blir sitjande att med ein lågare terskel til å sjølve finne gleda i å bruke naturen sjølve etter denne dagen.

Tur til klimapark 2469 - for 9. klasse

Dette er skuleopplegget som gjev elevane nærkontakt med klimaendringane. Ved å sjå på, ta på og gå inn i den urgamle isen i Juvfonna, blir dette skuledagen dei aldri gløymer. Klima, albedo og permafrost er berre nokre av nøkkelorda for denne skuledagen. Den 375 m2 store istunellen er høgdepunktet, men området rundt skal i like stor grad utforskast. Elevane får blant anna lære om geologi, biologi, glasiologi og kulturarv.

Brearkeologiens vanvittige funn fortel oss mange historier om jakt og bruk av fjella før. Undervegs vil vi stoppe ved ein bre, der dei får sjå korleis denne bevegar seg nedover terrenget. I etterkant av skuledagen er det naturleg å kjenne på at denne fantastiske kulturarven har ein kraftig bismak.
Les meir her om Klimapark 2469.

Natur i endring - for 8. klasse

Få rydda litt i omgrepa, og nytt deg av skuleopplegget som hjelp deg med å skille mellom naturkrise og klimakrise. Her lærer elevane kva som er vèr og kva som er klima, siste nytt frå forskarane og situasjonen sett frå dyra sitt perspektiv.

Fjellsenterets forskarnettverk er grunnlaget for det faglege innhaldet, og vi ser vidare på korleis vern kan ivareta naturen. Landskap og naturtyper som er typisk for det lokale fjellområdet blir også tema, og vi dreier dette over mot bruken av fjella frå siste istid og fram til i dag. Ferdselsruter og brearkeologi blir sentral i den samanheng.

Det blir ei grundig innføring i dei ulike verneformene naturreservat, landskapsvernområde og nasjonalpark. Vi har fokus på aktivitet i læringa, og har lagt opp til mange praktiske oppgåver for å sikre at elevane sit att med mest mogleg etter ein slik dag.

Andre grupper?

Ønskjer du opplegg tilpassa andre grupper? Ta kontakt med oss!

Vi kan sjølvsagt gjennomføre same opplegg på andre trinn også, om dette er ønskjeleg for skulane.