ein link mellom forsking og redning

Eit unikt samarbeid mellom friviljuge og offentlege instansar gjer at liv blir redda i fjella kvart år. Men korleis blir samarbeidet og kunnskapen dokumentert og delt? Kven tek ansvar for at ny forsking når ut til friviljuge? Og kven tek initiativ til ny forsking?

Nasjonalt komeptansesenter for fjellredning er plassen der primærberedskap i kommunane, redningsorganisasjonane, forskings- og utdanningsinstitusjonane og oppdragsgjevarar møtast. Gjennom forsking på erfaring og behov vil vi gjere samfunnet betre førebudd på eit tøffare klima.

Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning er støtta av Lom kommune og er inne i ei oppbygginsfase etter eit toårig forprosjekt. Forprosjektet var støtta av Innlandet fylkeskommune, Lom kommune, Universitetet i Stavanger (UiS), Fjellbanken|Sparebank 1 Lom og Skjåk og Sognefjellshytta. 

Med base ved Norsk fjellsenter i Lom, er vi tett på fjella og ein god arena som øvestad og samlingsplass for alle som driv med redning – friviljugt og profesjonelt. Vi har fleire spanande prosjekt på gang og gler oss til tida framover.

Hels på dagleg leiar Erlend Borgen Aarsæther her.

 

Erlend Borgen Aarsæther

Dagleg leiar for Nasjonalt kompetansesenter fjellredning frå 1. september 2022.

Erlend Borgen Aarsæther kjem frå ei stilling som nestleiar i organisasjonsavdelinga i Norsk folkehjelp. Han har lang fartstid som friviljug innan Norsk redningsteneste, er utdanna sjukepleiar og har også arbeidd som ambulansepersonell.

erlend@norskfjellsenter.no

Telefon: 93459282

Albert Lunde.jpg

Albert Lunde

Fagansvarleg og prosjektleiar for forprosjekt Nasjonalt kompetansesenter fjellredning og ei viktig brikke i arbeidet vidare.

Albert Lunde har lang fartstid i lokalt redningsarbeid i Lom og tok i 2019 ein doktorgrad i tryggleiken til redningsmannskap i skredulykker ved Universitetet i Stavanger.

Kontakt: albert@norskfjellsenter.no

Telefon: 61 21 16 00