Når isen bryt – ny utstilling opnar 5. juni
Prosjektgruppa består av:
Thea Grobstok Dalen, prosjektleiar Norsk fjellsenter
Merete Dagsgard, grafisk designar Norsk fjellsenter
Liss M. Andreassen, seniorforskar NVE
Miriam Jackson, forskar NVE
I anledning FNs internasjonale år for brebevaring i 2025 lagar Norsk fjellsenter ei utstilling i samarbeid med NVE og nokre av dei fremste breforskarane i landet.
Utstillinga skal løfte kunnskap om korleis det står til med breane både her heime og rundt om i verda. Gjennom intervju, bilete og video ynskjer vi å belyse korleis ulike samfunn tilpassar seg endringane som skjer. Vi får eit innblikk i brelandskap og mennesker i både Tadsjikistan, Sveits, Island, Nepal, Canada, Colombia, New Zealand og Pakistan, i tillegg til eit blikk på det heilt lokale, i Jotunheimen.
Kva lokale løysingar blir utvikla som følgje av bresmeltinga, og kva skal til for å skape ei meir berekraftig framtid?
I samband med utstillinga vil vi også produsere dialogbaserte skuleopplegg for ungdomsskule og vidaregåande skule.
Norsk fjellsenter er eigar av prosjektet.