Sommaren er på hell, men på fjellsenteret går vi ikkje i dvale av den grunn! Tre torsdagskveldar utover hausten opnar vi dørene med nye og spennande foredrag. Hit kjem sjølvaste John Smits frå meteorologisk institutt med foredrag i september, og med seg har han seniorforskar Ketil Isaksen. Oktober er vigd til damer i fjell og litteratur: Vi får foredrag om fjelldama Therese Bertheau og konsertforedrag om Sigrid Undset. I november tek vi i mot chionofile skifolk på Lom skifestival - og deretter startar vi tilrettelegginga for den nye hovudutstillinga Bergtatt som vi opnar til sommarsesongen 2018.
Ingen grunn for korkje oss eller dykk til å ta hausten tungt, med andre ord! (Og når det er sagt - ingenting er som vakre haustdagar i fjellet, men klår luft og kvitt pudder på toppane.)
- 21. september: Meteorologisk institutt om vêr og klima
- 12. oktober: Foredrag om Therese Bertheau
- 19. oktober: Konsertforedrag om Sigrid Undset
- 10.-12. november: Lom skifestival