Denne sommaren kan vi gle oss både til to måleriutstillingar og opning av hovudutstillinga Bergtatt. Fyrst ut er Ingrid Berge Reimers med sine skildringar av landskap. Salsutstillinga er ope 2. juni-1. august. Les meir om ho på http://ingridbreimers.com/. I juni opnar vi det som blir vår nye hovudutstilling, Bergtatt. Gjennom nye opplevingar og aktivitetar vil besøkande få kjennskap til fjell og folk, naturgeografi og framveksten av fjellturismen i Jotunheimen. Utstillinga er eit stort prosjekt med mange bidragsytarar, og vil bli fjellsenteret sin hovudattraksjon i åra framover. 4. august opnar vi salsutstilling med måleri av Olav Harald Ulstein. Han fangar fjellets ljos, skuggar og landskap i måleria sine, og utstillinga står til vi avsluttar sesongen 7. oktober. Sjå meir av arbeidet hans her.