Film: Tracing the tracks of skiing to the mountains of Altai

I det nordvestlege Kina køyrer folk på ski på same måte som Birkebeinerane her i Noreg gjorde i si tid. Slik har kineserane køyrd på ski i tusenar av år. Det var her skihistoria starta, meiner kinesiske forskarar. Nordmenn på si side meiner Noreg er skisporten si vogge. Kvar starta skihistoria, og kven kan med rette kalle seg skias opphav? Sjå filmen som følgjer skikøyrarar og forskarar til Altai her.

Dei førhistoriske skia som Norsk Fjellmuseum stiller ut, Reinheimskia og Lendbreskia, har bidrege til kontakt med Altairegionen i Kina. Slik fekk ei gruppe forskarar og skikøyrarar ein unik moglegheit til å dokumentere den spesielle skikulturen og gamle teknikkar på ei reise i det nordaustlege Kina i januar. Turen var med på å kaste ljos over verdas 10 000 år lange skihistorie, og gav slik meir kjøt på beinet til forteljingar og filmar i eigne utstillingar og formidling på fjellmuseet, i Klimapark 2469 og på Lom skifestival.

Denne skihistoria har internasjonal verdi og interesse – og fjellmuseet og klimaparken har ei viktig rolle knytt til dokumentasjon og formidling.