I år var nesten hundre femteklassingar frå Skjåk, Lom og Vågå samla til Barske glæder saman med oss på fjellmuseet, Lom fjellstyre og Statens naturoppsyn. Kvart år inviterar vi til denne dagen der bålfyring, hjortevilt, sansane våre og lavvoliv er tema. I år brukte vi Presthaugen, og dagen var kald og fin. Her er ein filmsnutt frå årets Barske glæder.