Har du funne eit kulturminne du trur kan vera eldre enn frå 1537?
Da skal du
- la funnet liggje,
- notere koordinatane for funnet,
- gjerne ta eit bilde, før du
- melder frå til kulturminnestyresmaktene om funnet.
Funn i Oppland skal meldast til kulturarveininga i Oppland fylkeskommune. Om funna er gjort i Jotunheimen, Reinheimen eller Breheimen kan du gjerne ta kontakt med Norsk Fjellmuseum, så kan vi hjelpe deg vidare.
Gjenstandar som blir levert inn skal følgjast av utfylt funnskjema (Kulturhistorisk museum):
Kort om kulturminnelova
Ofte blir kulturminne funne ved at det blir gravearbeid i grunnen eller ved at dei ligg ope i dagen i utmarka. Det er kulturminnelova som regulerer kva som skjer med kulturminna når vi finn dei, og vi pliktar å melde frå til styresmaktene dersom vi gjer slike funn. Her finn du kulturminnelova.
Ein del kulturminne er automatisk freda. Dei er synt i § 3 i kulturminnelova, som du finn her.