Back to All Events

Fiksekveld med Lom Husflidslag

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Denne våren vil Norsk fjellsenter og Lom husflidslag sette fokus på reparasjon og gjenbruk av friluftsklede. Første kvelden blir tema skifting av glidelås og bøting av ullklede. Kanskje har du ei jakke eller bukse med øydelagd glidelås? Har favorittrøya di fått eit hol eller er ullstillongsen slitt på knea? Denne kvelden vil du lære å reparere turkleda slik at dei kan halde deg tørr og varm på enda fleire turar, og samstundes sparar du både miljøet og lommeboka.

Torsdag 7. mars kl. 18.00-21.00 møtast vi på Norsk fjellsenter til ein lærerik og inspirerande kveld.

Maks 15 deltakarar. Gratis inngang.

Påmelding:
Vil du vere med? Meld deg på ved å sende mail til post@norskfjellsenter.no med emne "påmelding fiksekveld".

• Ta med eit plagg eller to du vil reparere. Husflidslaget har vipps-sal av materialar til bøting og glidelås, eller du kan ta med sjølv.

• Ta med eiga symaskin om du har. Husflidslaget har også nokre til utlån.

• Om du har tips til andre tema for "fiksekveldar" utover våren, send oss en mail eller prat med oss på fiksekvelden!

Earlier Event: January 25
FOREDRAG // Klimarisiko i Jotunheimen
Later Event: April 25
Fiksekveld med Lom Husflidslag