Har du ei jakke med øydelagd glidelås eller har favorittrøya di fått eit hol? Norsk fjellsenter og Lom Husflidslag ynskjer å sette fokus på reparasjon og gjenbruk av friluftsklede, og vil oppfordre til å reparere det ein har framfor å kjøpe nytt.
Denne kvelden vil du lære lure triks og få inspirasjon til å fikse kleda dine slik at dei kan halde deg tørr og varm på enda fleire turar, samstundes som du sparar både miljøet og lommeboka.
Torsdag 25. april kl. 18.00-20.00 møtast vi på Norsk fjellsenter til ein lærerik og inspirerande kveld.
Gratis inngang, inga påmelding.
• Ta gjerne med eit plagg eller to du vil reparere. Hugs å ta med nål og tråd, glidelås eller stoff til bøter om du treng det.
• Ta med symaskin om du har. Husflidslaget har også nokre til utlån.