Back to All Events

FOREDRAG // Klimarisiko i Jotunheimen

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Korleis vil eit varmare klima påverke vêret og endre landskap, fjellturisme og fjellredning i Jotunheimen? Naturfarar knytt til klimaendringar kan utgjere ein stor trugsel mot infrastruktur, innbyggarar og turistar.

Forskarar i det tverrfaglege prosjektet "Klimarisiko i Jotunheimen" vil denne kvelden fortelja om ulike forskingsaktivitetar, svare på spørsmål og diskutere moglege framtidsscenario for Jotunheimen.

Vi oppmodar fag-, fjell- og bygdafolk til å møte opp og delta med spørsmål, kommentarar og eigne observasjonar. Er du aktiv med arbeid eller ferdsel i Jotunheimen og vil bidra i møtet – og forskinga? Send bilde og kort beskriving av landskapsendringar som du har merka deg, og kanskje det blir eit innslag i programmet og i datainnsamlinga. Send ditt bidrag til albert@norskfjellsenter.no.

Foredraget varar frå kl. 19.00 til 21.00.
Gratis inngang.

Har du ikkje anledning til å kome? Få med deg direktesending av foredraget her: https://www.youtube.com/@KompetansesenterFjellredning

Program for kvelden
Klimaforskar Ketil Isaksen frå Meteorologisk institutt og professor Bernd Etzelmüller frå Universitetet i Oslo vil fortelja den spennande historia om korleis landskapet endrar seg etter kvart som temperaturen stig og evig snø og is slepp taket.

Prosjektleiar Albert Lunde vil informere om korleis landskapsendringane kan kome til å utfordre ferdselen i Jotunheimen og endre redningstenesta sine oppdrag i framtida.

Prosjektet "Klimarisiko i Jotunheimen”
Følgjande forskingsinstitusjonar er involvert i prosjektet:
· Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning ved Erlend Aarsæther og Albert Lunde
· Universitetet i Oslo ved Bernd Etzelmüller
· Meteorologisk institutt ved Ketil Isaksen
· Vestlandsforsking ved Kristin Løseth og Halvor Dannevig
· Universitetet i Stavanger ved Ove Njå og Albert Lunde
· Høgskolen i Innlandet ved Bjørn Tallak Bakken

Klimapark 2469, Norsk fjellsenter og Lom kommune er også med i prosjektgruppa.

Prosjektet sitt hovudmål er å utvikle kunnskap om korleis fjellturismesystemet kan forhalda seg til fysisk klimarisiko i Jotunheimen. Dette inneber å klargjere omfang og lokalisering av moglege landskapsendringar og geofare i Jotunheimen, og spesifisere kva for tryggleiksutfordringar det vil kunne føre med seg for fjellturisme og redningsberedskap.

Earlier Event: November 30
BOKBAD // Heltar og skurkar i høgfjellet
Later Event: March 7
Fiksekveld med Lom Husflidslag