Back to All Events

FOREDRAG // Fjellfisk - fiskeglede og fiskefakta

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Denne torsdagen byr vi på fiskeinspirasjon med Lom fjellstyre, ferskvassbiolog Trygve Hesthagen og fiskeentusiast og forfattar Morten Wangen!

Lom fjellstyre ved Åsmund Galde og Eilev Hellekveen startar kvelden med å seie litt om deira arbeid med tilrettelegging og utsetting av fisk.

Trygve Hesthagen frå Garmo er seniorforskar ved NINA, og står for den vitskaplege delen av foredraget. Denne kvelden fortel ferskvassbiologen blant anna om innvandring av fisk til området, og gir oss ei innføring i korleis næringsgrunnlag, konkurranse, vasskvalitet og andre faktorar påverkar fisken. Du får også høyre om Tessefunnet - eit av dei eldste fiskefangstanlegga vi kjenner til av sitt slag i Nord-Europa.

Morten Wangen har gjennom heile oppveksten trakta til fjella for å fiske - aller mest i Skåbu-fjella og austre del av Jotunheimen. Han er oppteken av fisk som ein ressurs for matsikkerheit og beredskap, men også fiske som rekreasjon. Morten slår eit slag for råkåfisken, og vi håpar han har ei god historie eller to på lur!

I butikken vår har vi bøkene “Fiskevatn utanfor allfarveg” (2021) av Morten Wangen og “Fiske i Jotunheimen - frå matauk til hobby i Vågå” (2021) av Trygve Hesthagen og Einar Kleiven. Vil du ha eit signert eksemplar er det berre å stille seg i kø!

Dørene opnar klokka 18.00. Foredraget varar frå kl. 18.30 til 21.00.

Inngang: 100,- Sal av billettar i kassa på Norsk fjellsenter.