Back to All Events

FOREDRAG OG BOKLANSERING // Frå jeger til gjetar – historia om reindriften i Jotunheimen og Filefjell

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

200 år med reindrift i Jotunheimen og Filefjell har no hamna mellom to permar. For fyrste gong er historia om reinen, gjetarlivet og den samiske påverknaden skrive ned i sin heilskap. Forfattar Kjell Bitustøyl har jobba i år med å pusle saman biter av opplevingane på fjellet. Dei fire sørlegaste reindriftslaga i Noreg, Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag, produserer nest mest reinskjøt etter reingjetarane i Finnmark. Dei har vunne priser for produkta sine og blitt kjend over heile Noreg gjennom TV-skjermen. Denne kvelden får du høyre både dei gode historiene, sjå glimt frå tamreinlaget på TV frå både 60-talet og i dag og synge Jotunheimvisa i lag med Reidar Svare.  

 

Om forfattaren:

Kjell Bitustøyl (f.1953) frå Rauland, busett i Bø i Telemark, har tidlegare skrive to bøker om tamreindrift i Sør-Noreg: Ei bok om Hardangervidda (2012) og ei bok om Setesdalsheiane (2017). Han har blant anna bak seg ein periode som frilansar ved Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn. Det er Kontaktutvalet for tamreinlaga i Sør-Noreg som er utgjevar av boka. Bitustøyl er særskilt interessert i den samiske kultur i Sør-Noreg og bidraga deira inn i reindrifta.

Det blir sal av signerte bøker og gratis servering av kaffi og bite.

Inngang: 100,-

 

Foto: Dag Inge Bakke/Vågå tamrein AS

Earlier Event: November 10
Lom skifestival