Back to All Events

Lom skifestival


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kvar november inviterer vi snøelskande og skiglade folk til å starte skisesongen saman med oss på Lom skifestival. Festivalsnøen finn vi på Sognefjellet i Jotunheimen. Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, film, foredrag og fest! På fjellsenteret møtest vi i morgonen før vi tek på tur, og samlast att om ettermiddagen for etterski, foredrag, film og foto. Laurdag kveld er det middag og festivalpub på Nordal turistsenter, eit steinkast frå Norsk fjellsenter.