Back to All Events

Familiedag med "Ikkje gjer det heime-show"!

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Klar for eit forrykande show du ikkje må kopiere heime?

Bli med på årets familiedag på Norsk fjellsenter.

KLOKKA 12.00: “Ikkje gjer dette heime-show” med Vitensenteret Innlandet

På med vernebrillene, brett opp ermene og følg med. Her skal det eksperimenterast! På menyen står helium, flytande nitrogen, flammar, ballongar, natrium og øks.

På familiedagen kan du også:

  • spikke og skyte med pil og boge

  • lage ein nøkkelring med reinsgevir

  • lage vikingperler

  • steike vikingbrød

  • finne ut kven som har bæsja

  • teste nøtta i rebusløypa

  • leike med landskapsmodellen

  • møte dei utstoppa dyra som går i protesttog

  • sjå funn frå vikingtida

  • ri på babymammuten

  • teste vêrrommet

Det blir sal av vikingbrød, pølser, vafler, saft og kaffi.

20 % avslag på alle barnebøker og barneartiklar denne dagen!

INNGANG: 60 kroner uansett alder.