Back to All Events

FOREDRAG // Slingsby utan slips

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Korrekt kledd med kjemma skjegg og slips, eller uflidd hippie? Kjenner du norsk tindesports far, William Cecil Slingsby på utsjåande, veit du at det var den kjemma varianten han valde å vise fram for oss nordmenn.

 

Men engelskmannen var ikkje alltid like flidd. Etter at Slingsby hadde klatra som førstemann på Store Skagastølstind i 1876, blei han fotografert med rufsete hår i slitte fjellklede saman med sin norske følgjesvein Emanuel Mohn. Fotografiet blei aldri publisert. I staden sendte Slingsby bilde av seg sjølv pent kledd med dress og slips, til sine norske venner. Denne torsdagen blir det «hemmelege» bilde av «Slingsby utan slips» vist fram på Norsk fjellsenter. Du får også høyre om andre ting Slingsby måtte vere forsiktig med for å bli akseptert i det engelske klatremiljøet.

 

«Jeg skrapte vekk isen fra de smale avsatsene og klorte meg fast. Jeg vil unngå for mange detaljer, fordi jeg bare vil bli anklaget for overdrivelser eller dumdristighet» skreiv Slingsby sjølve om fyrstebestiginga av Store Skagastølstind med hamptau, isøks og spikerstøvlar.

 

Det er alt 146 år sidan William Cecil Slingsby gjekk laus på tindane i Jotunheimen og starta ei ny epoke i Noreg sin fjellhistorie. I tillegg til Emanuel Mohn som han hadde møtt to år tidlegare, var reinjegeren Knut Lykken frå Valdres med som kjentmann på den berømte turen. Ingen av desse to våga seg opp det siste stupbratte stykket til Storen og blei kritisert for å vere feige. Saman besteig trioen Torfinnstind (2120 moh.), Galdebergtind (2075 moh.), Uranostind (2157 moh.) og Gjertvasstind (2351 moh.) på desse fem dagane i Jotunheimen. I 1904 ga Slingsby ut boka «Norway, the Northern Playground» om sine mange turar i fjell-Noreg.

 

Kveldens foredragshaldar, Knut I. Tønsberg, blei med mora over Besseggen som sjuåring, og faren til toppen av Store Skagastølstind som trettenåring. Han er sjølv medlem av både Norsk Tindeklub og engelske Alpine Club. Han kjenner historia kring William Cecil Slingsby betre enn dei fleste. Han har besøkt heimen til Slingsby, grava og hagen der det berømte bilde av Slingsby sitt telt er teke. På 140-årsdagen for førstebestiginga av Storen sto han på toppen saman med to representantar for Yorkshire Ramblers Club, Slingsby sin eigen klatreklubb. Han har også halde foredrag for dei i England. Denne torsdagen får du gleda av å høyre han på Norsk fjellsenter i Lom.

 

Velkommen!

 

Inngang: 100 kroner

 

OPPSTILT:  William Cecil Slingsby arrangerte dette bilde i hagen sin i England, truleg eit par år før bestiginga av Store Skagastølstind. FOTO: Ukjend fotograf, bilde eiges i dag av Norsk Tindeklub.

Earlier Event: March 24
Frå plast til ull?