Back to All Events

Frå plast til ull?

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Korleis kan «verdilaus» ull vere ein del av ei berekraftig framtid? Kva med ull kring grønsakene i hagen? Ull som bobleplast i konvoluttar? Eller gamle ullgenserar i komposten?

Foredragshaldar Lisa Grøva meiner vi kan vere skikkeleg stolte av den verdikjeda vi har kring ull i Noreg. Men vi har meir ull å gå på. Saman med eit forskarteam brøytar Grøva veg for nye og berekraftige bruksmåtar av ull i Noreg. Det er spesielt den ulla som i dag blir rekna som verdilaus, ho vil gi ei ny meiningsfull bruk. Kan ull bli meir vanleg enn plast for bærdyrkarar i framtida? Kor godt fungera ull frå villsau i ein strikkagenser? Kor mykje næring gir ulla i jord når ho blir broten ned? Kva kan vi lære av vår eiga kulturhistorie for å finne nye måtar å nytte ull på i framtida?

Alt dette er spørsmål forskar Lise Grøva søker å finne svar på. Ho har lenge arbeida for at sauebønder i Noreg skal oppleve ullproduksjon som berekraftig og lønsam i sitt arbeid ved NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). Gjennom det tverrfaglege prosjektet Krus har ho vore med å arbeide for å få fram kvaliteten i norsk ull og betre marknaden og marknadsføringa. Ho er også i gang med eit eiga prosjekt for auka verdiskaping av ull hos sauebønder i Innlandet.

Denne torsdagen blir det også utdeling av prisen for «månadens friviljug» frå Gudbrandbrandsdalsmusea.

Velkommen på foredrag!

 

Torsdag 24. mars klokka 19.00. Gratis inngang.

Earlier Event: December 9
FOREDRAG // Fiskelykke utanfor allfarveg
Later Event: April 21
FOREDRAG // Slingsby utan slips