Back to All Events

DAGSEMINAR // Jotunheimen i framtida

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Korleis vil du at det skal vere å drive reiseliv i Jotunheimen nasjonalpark? Nå kan du vere med å påverke rammene for bruk og vern i Jotunheimen. Forvaltning og reiseliv inviterer til dialog mellom nettopp forvaltning og reiseliv. Spanande program og varm lunsj. Velkommen!

PROGRAM

10.00 – 10.10 – velkommen ved Mai Bakken, dagleg leiar for Norsk fjellsenter

10.10 – 10.30 – «Forvaltningsplan for Jotunheimen og Utladalen – balansen mellom bruk og vern» ved forvaltarane Kari Sveen og Eldrid Nedrelo

10.30 – 11.30 –  «Verneverdiane i Jotunheimen og Utladalen og effekten av forstyrring» ved biolog Geir Høitomt

11.30 – 12.15 – varm lunsj

12.15 – 12.40 – «Organisert guiding i Jotunheimen gjennom 30 år» ved Anne Wangen, Juvasshytta

12.40 – 13.00 – «Vegen mot eit meir berekraftig reiseliv» ved Marit Tangvik, fjellseljar i Visit Jotunheimen. «Kort oppsummering av masterplan «Gudbrandsdalen 2030»» ved Mari Wedum, dagleg leiar for Visit Jotunheimen

13.00 – 13.15 – pause

13.15 – 14.15 –  dialog om bruk og vern i grupper

14.15 – 15.00 – «Kvifor vi treng meir kjennskap og meir ressursar til besøksforvaltning – i Jotunheimen og i Norge, med eit konkret døme frå Knutshøe» – professor Øystein Aas og masterstudent Yosra Zouhar, Naturbasert reiseliv ved NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet)

15.00 – 15.10 – kviss med premiar

15.10 – 15.30 – spørsmål og oppsummering

 

Påmelding innan måndag 9. mai til post@norskfjellsenter.no.

Earlier Event: April 21
FOREDRAG // Slingsby utan slips