Back to All Events

Dei eldgamle ferdselsvegane over fjellet – vardar og tufter – nye oppdagingar

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

BEGGE FOREDRAGA ER NO UTSELD - DU KAN FRAMLEIS BLI MED PÅ TUR TIL “DEN GLØYMDE VIKINGGRENDA”

I 2011 smelta det fram hundrevis av gjenstandar frå Lendbreen på Lomseggen i Breheimen.  Klede, sko, hesteutstyr, forskjellige reiskap og andre ting frå fortida dukka fram. Alt saman spor etter ei nesten 2000 år gammal ferdselsrute over isen. Kunne vardane i området vise den eldste leia mot vest? Og kvifor leda ei av rutene ned mot Netosetrene i Bøverdalen i Lom?

Kjentmann Reidar Marstein og arkeolog Espen Finstad la ut på tallause turar for å tråle fjella og terrenget på leit etter spor. Sakte, men sikkert kunne dei setja bitane frå eldgamal ferdsel og busetnad i fjella saman. Denne kvelden får du bli med på oppdagingsferda og høyre om ein bit nasjonal kulturhistorie frå mange tusen år attende i tid.

Grunna stor interesse sett vi opp to foredrag denne kvelden, eit klokka 18.00 og eit klokka 20.00. Forhåndssal av billettar her på nettsida og i resepsjonen på Norsk fjellsenter.

Illustrasjon: Innlandet fylkeskommune/Google Earth

Earlier Event: June 24
UTSTILLING // Natur i endring
Later Event: September 25
Tur til «Den gløymde vikinggrenda»