Back to All Events

UTSTILLING // Natur i endring


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Korleis har naturen det? Korleis taklar han klimaendringane? Og oss menneske?

Dyra på Norsk fjellsenter har fått nok og gått i fjellstreik for klimaet. Dei vil ha gamaldags vinter, stabil tregrense og fleire potensielle kjærastar.

Naturen har alltid vore der for oss. Alt vi treng, kjem frå den. Men både vi og naturen har endra oss. Nå endrast økosystema på nye måtar og raskare enn før. Kor mykje skyldast klimaendringar? Kva skyldast menneska si bruk av areal? Kva kjem som eit resultat av forureining og andre menneskelege inngrep? Og kva gjer vi med det heile?

I denne utstillinga kan du finne ut meir om kva som skjer når raudreven flyttar til fjells, tre veks høgare opp i fjellsidene, og vi bygger fleire hytter. Du kan sjå korleis klimaforskarane måler snømengde i fjellet og temperatur langt ned i bakken i Jotunheimen. Og lære om kva dei finn ut ved å studere planter og dyr i fjellheimen.

Utstillinga er støtta av Miljødirektoratet, Sparebankstiftelsen DNB og Norsk forskningsråd, og utvikla av forskarar ved forskingsprosjekta EMERALD og Natur i endring i samarbeid med Norsk fjellsenter.

OPNING TORSDAG 24. JUNI 2021, KL. 12.00

Ønsker du å delta på opningsarrangementet? Meld deg på her

EMERALD er et forskingsprosjekt under Institutt for geofag ved UiO. Prosjektet er støtta av Norges forskningsråd og samarbeider tett med mange nasjonale og internasjonale institusjonar. I prosjektet set dei koplingar mellom vegetasjon og klima på dagsorden. Gjennom feltobservasjonar, eksperiment og modellberekningar utviklar dei kunnskap om vekselverknadar mellom økosystem og klimasystem på nordlege breiddegrader. Natur i endring er et folkeforskingsprosjekt ved Naturhistorisk museum kor alle som ynskjer kan delta med eigne registreringar av tre- og skoggrenser i fjellet.

Illustrasjon: Rune Markhus