Back to All Events

Tur til «Den gløymde vikinggrenda»

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kven var fjellvikingane som budde ved Neto i Lom? Fungerte husa som garder, setre, fangstbuer, eller overnattingsstader for reisande? Kva gjorde vikingane i fjella? Og korleis kom kjentmann Reidar Marstein og arkeolog Espen Finstad på sporet av dei 21 hustuftene som alle er datert til vikingtid?

Bli med arkeolog Espen Finstad og kjentmann Reidar Marstein på tur til Neto for å sjå på nokre av dei 21 hustuftene dei har funne og høyre historia rundt funna.

Vi går i samla flokk frå Bøverdalsvegen. Reidar Marstein fortel først om setring frå gamalt av og korleis setringa har utvikla seg fram til i dag. Om vêret tillèt det, tek vi ein matbit ved tuftene før fylkesarkeolog Espen Finstad fortel meir om dei arkeologiske undersøkingane og syner fram nokre av tuftene.

Ta med eiga mat og drikke.

Oppmøte klokka 11.00.

PARKERING nede ved hovudvegen. Vi sett opp skilt og står parkeringsvakt.

Påmelding til post@norskfjellsenter.no

Foto øvst: Espen Finstad. Illustrasjon: Hege Vatnaland

Norgeskart

Norgeskart