Back to All Events

Bli med inn i isen // guida tur til Klimapark 2469


  • Klimapark 2469 Galdhøpiggvegen 1357 2686 Lom Norge (map)

Har du lyst til å bli med inn i ei snøfonn? Ved foten av Galdhøpiggen ligg Klimapark 2469 og den spektakulære istunnelen – 365 kvadratmeter handhogd tunell med skulpturar og kinosal. Heile sommaren har vi guida turar inn i tunnelen to og tre gonger dagleg.

Sagt av tidlegare gjest:

«Et fantastisk sted å besøke! Anbefales på det STERKESTE! Turen fram til fonna, med guide var veldig interessant. Lærte mye. Og selve besøket inne i isen... WOW!»

Guiden lærer dykk om dei barske plantane og dyra som klarar seg i høgfjellet, klimaendringane og effekten på permafrost og isbrear, og den unike brearkeologien som fortel oss om villrein, eldgamle ferdselsveger og jakttradisjonar. Turen er enkel utan stigning og passar for alle. Hugs lue, vottar og varme klede!

Les meir eller kjøp billett. Du kan også kjøpe billettar i skranka på Norsk fjellsenter.

Daglege turar frå 20. juni fram til 23. august, deretter er det guida turar laurdag og sundag fram til og med 13. september.

Oppmøte ved parkingsplassen til Juvasshytta - Galdhøpiggvegen 1357 - kart.

NB! Du må gjennom ein bom på vegen til Juvasshytta.

Foto: Cathrine Dokken/Kreativ Strek