Back to All Events

UTSETT // Klimaendringar og ferdsel i fjellet // Workshop fjellredning


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 Lom Norway (map)

UTSETT! Vi utsett arbeidsamlinga til hausten 2020. Vi kjem attende med dato og detaljert program.

Velkomen til workshopen «Klimaendringar og ferdsel i fjellet – utfordringar for turisme og redningsteneste».

Korleis skal vi handtere eit auka tal turistar som legg ut på fjellturar utan å vere førebudd? I vêr som kjem til å bli meir ustabilt og gi større utfordringar for både redningsteneste og turistar?

Arbeidssamlinga er retta mot fjellredningsteneste, beredskap, reiselivsnæring og offentlege etatar, og tek for seg ein rekkje problemstillingar knytt til konsekvensane av våtare, villare og meir ekstremt ver - og kva krav dette kjem til å stille til fjellredninga og reiselivsnæringa i Noreg:

> Redning
> Flaum
> Snøskred
> Styrtregn
> Jordskred