Har du høyrt om pistolreka som drep byttet sitt med lyden av eit knips? Paddeiguanen som sprutar blod frå sine eigne augo? Eller anoleøglenes kamp mot klimaendringane?
Torsdag 7. mai kan du høyre om desse fascinerande dyra og mange andre når evolusjonsbiolog Hanna Nyborg Støstad held DIGITALT FOREDRAG på Norsk fjellsenter si Facebook-side.
I fjor kom Støstad med boka "Eventyrlig evolusjon: Hvorfor fisker klatrer i fosser og flaggermus gir blod". Ho er oppteken av å dele det fantastiske mangfaldet vi har kring oss, og vil gi oss ein sniktitt inn i korleis evolusjonen har forma dyreverda gjennom millionar av år. Korleis tilpassar dyra seg ei verd i rask endring? Kven overlev?
Hanna har ein doktorgrad i evolusjonsbiologi fra Naturhistorisk Museum i Oslo, og arbeidar i dag som rådgjevar i Naturvernforbundet.
Foredraget er gratis og passar både for barn og vaksne. Du finn lenke til foredraget under diskusjons-fana på Norsk fjellsenter si Facebook-side klokka 19.00 torsdag 7. mai. Er du ikkje på Facebook? Ta kontakt med oss, så finn vi ei anna løysing.
Forlaget skriv om boka:
"Med underholdende historier kombinert med helt ny forskning, forteller biolog Hanna Nyborg Støstad om hvordan evolusjonen har påvirket dyrelivet vi finner i skogen, havet og himmelen. Dette er boka for alle som elsker naturprogrammene til David Attenborough."
Back to All Events
Earlier Event: March 19
UTSETT // Forsvinn vinteren i Norge? Og kva skjer i Arktis? // foredrag
Later Event: June 9
UTSETT // Klimaendringar og ferdsel i fjellet // Workshop fjellredning