Grunne situasjonen kring koronaviruset er arrangementet utsett på ubestemt tid.
«Arktis smelter, og jeg er hverken betenkt eller bekymret. Jeg er skremt.» klimaforskar Ketil Isaksen til Aftenposten.
Korleis blir ein normal norsk vinter i framtida? Klimaforskar Ketil Isaksen frå Meteorologisk institutt gir oss eit bilde av klimaendringane og konsekvensane vi kan vente oss no, og i åra som kjem. Han gir oss ei oppsummering av vêråret 2019 og fortel om sitt arbeid på Svalbard. Ingen andre stader i verda skjer klimaendringane raskare enn nettopp der. Men korleis påverkar det oss?