Back to All Events

Mellom bakkar og kjøttberg // foredrag

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 Lom Norge (map)

Korleis norsk jordbruk hamna heilt på jordet.

Kan vi fortsette å nytte kring 90 prosent av all dyrka mark til fôrproduksjon? Eller må vi bli meir sjølvforsynt enn dagens 38 prosent? Og kva kan vi gjere for å sikre ein berekraftig matproduksjon? Kvar står vi? Kvar vil vi?

Kom og høyr statsvitar og småbrukar Svenn Arne Lie frå Tretten, fortelje kva retning han meiner norsk jordbruk må ta.

Lie ga ut boka "Mellom bakkar og kjøttberg – oppskrift på en ny matpolitikk" saman med Espen Løkeland-Stai i 2019.

Inngang: 100,-
Dørene opnar 18.30