Velkomne til årets skredkveld!
I samarbeid med Gjendeguiden sett vi fokus på snøskred, redning og trygge turar. Alle som kjem er med i trekninga av ein fin-fin premie. Gjendeguiden avsluttar med turtips og oppdatert rapport om snø- og skredforholda nett no.
Dørene opnar 18.00 og foredraga startar klokka 19.00.
PROGRAM
FOREDRAG: Kva skjer når ein ringer 112 og melder om ei snøskredulykke? Politioverbetjent Trygve Ulset frå Innlandet Politidistrikt gir eit innblikk i korleis politiet jobbar når skredalarmen går hos dei.
PAUSE
Trekning av ein premie på inngangsbilletten.
FOREDRAG: KAST-Klassifisering av snøskredterreng - eit hjelpemiddel til planlegging. Martine Sagen Slåtten frå NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) viser korleis KAST gjer det lettare å velje enkelt, utfordrande eller komplekst terreng, ut frå aktuell gruppe, skredfare og vêrforhold.
Avslutning med oppsummering og turtips for helga ved Gjendeguiden.
Inngang kronar 100,-
Alle under 16 år går gratis
Foto: Albert Lunde