Back to All Events

Klimaendringar og skred mot vegnettet // Workshop fjellredning


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 Lom Norge (map)

Velkomen til workshopen «Klimaendringar og skred mot vegnettet ».

Arbeidssamlinga er retta mot fjellredningsteneste, beredskap og offentlege instansar, og tek for seg ein rekkje problemstillingar knytt til kva konsekvensar eit våtare, villare og meir ekstremt klima vil få for vegnettet og redningstenesta i Noreg.

Workshopen blir leia av Albert Lunde, erfaren fjellredningsmann, forskar og prosjektmedarbeidar for Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning.

PROGRAM:

TORSDAG 23.JANUAR:

12:00: Lunsj og registrering på Norsk fjellsenter
13:00: Velkommen ved Mai Bakken og Dag Inge Bakke frå forprosjektet for Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning ved Norsk fjellsenter.
13:05: Innleiing: Klimaendringar og skred mot vegnettet. Kva blir utfordringane for redningstenesta? ved Albert Lunde.
13:15: Klimaendringar og skred. Foredrag ved Rune Verpe Engeset, seksjonssjef i NVE
14:15: Korleis ruste seg til eit endra klima med meir skred og flaum? Foredrag ved Tore Humstad, geolog frå Statens vegvesen.
15:00: Pause, handmat og strekk på føtene.
15:20: Arbeidsøkt i grupper - ekstreme vêrtilhøve. Kva blir utfordringane for din lokale beredskap?
16:45: Oppsummering - hovudutfordringar
19:00: Felles middag på Norsk fjellsenter

20:00: Open kveld på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest.
Fyr på peisen, bar med lokalt brygg, filmvising, open utstilling
og triveleg samver med andre fagfolk.

FREDAG 24.JANUAR:

08:30: Velkomen og kort presentasjon av dagen v/Albert Lunde
08:45: Erfaringar frå redningsinnsatsen etter flaumskreda i Jølster 30. juli 2019 ved Einar Helge Hansen frå Jølster RKH.
09:30: Pause, handmat og strekk på føtene
10:00: Risikostyring ved skredredningsaksjonar: Kva er utfordringane? ved Albert Lunde.
10:30: Arbeidsøkt i grupper - Kva skjer når skredet har gått?
11.00: Oppsummering med diskusjon i plenum
12:00: Avslutning med felles lunsj på Norsk fjellsenter.


PÅMELDING INNAN 15. JANUAR: post@norskfjellsenter.no
Vi treng namn, e-postadresse, faktura-adresse og informasjon om kven du representerar.

PRIS: 1400 for konferanse og lunsj torsdag og fredag

Antal deltakarar: Inntil 50 personar.

Overnatting kan du bestille hos http://fossberg.no/


Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning samlar presentasjonar og trekk ut spesielle døme og forslag som kan nyttast direkte i lokal beredskap/førebyggjande arbeid i etterkant av workshopen.

Foto: Albert Lunde
***

Om Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning:

Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning er eit forprosjekt initiert for å bygge opp eit felles kompetansesenter for all fjellredning i Norge

Unikt samarbeid mellom friviljuge og offentlege instansar gjer at liv kvart år blir redda i Noreg. Men korleis blir samarbeidet og kunnskapen dei sit med delt og dokumentert? Kven tek ansvar for at forskinga når ut til dei friviljuge? Kven tek initiativ til ny forsking om redning i fjellet? Denne rolla skal Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning ta, som nasjonal arena der praksis og kunnskap møtest og dokumenterast og ny forsking veks fram.

Later Event: January 30
Skredkveld i Lom