200 år etter at Balthazar Mathias Keilhau og Christian Peter Bianco Boeck “oppdaga” Jotunfjeldene, har billedkunstnar Hanne Åmli igjen brukt kunst for å forstå korleis fjella vart til. Utstillinga opnes med ei samtale med kunstneren denne kvelden, og vi får høyre Aasmund Olavsson Vinje sine ord om fjell, fremført av Nrk-journalist og historie-entusiast Even Lusæter.
I eit prosjekt som beveger seg mellom geologisk forsking og kunstens uttrykk, inspirerer fagfelta kvarandre til å skildre fjella sitt opphav. Oppdagarane av Jotunheimen tok i bruk akvarellblokken til å skildre eit ukjent landskap. I denne utstillinga gir måleria ei visuell inngangsport til det geologar forskar på i dag.
Professor i geologi, Haakon Fossen, frå Universitetet i Bergen, forskar, geolog Henrik H. Svensen frå Universitet i Oslo og geolog Gurli Meyer, forskar og leiar for fastfjellsgeologi ved Norges geologiske undersøkelse (NGU) har bidrege i utstillinga med informasjon om dei geologiske prosessane i danninga av Jotunheimen. Universitetsmuseet i Bergen har stått for design og utforming.
Arrangementet er gratis og det er inga påmelding.
Back to All Events
Earlier Event: June 20
Bli med inn i isen // guida tur til Klimapark 2469
Later Event: June 25
Oppdaginga av Jotunfjeldene // kunstutstilling // Hanne Åmli