Back to All Events

Oppdaginga av Jotunfjeldene // kunstutstilling // Hanne Åmli


Oppdaginga av Jotunfjeldene

-  Ei reise inn i geologiens metamorfe verd

Kunstutstilling av Hanne Åmli

Kvifor er det fjell på jorda?

På byrjinga av 1800-talet klatra vitskapsmenn opp bratte fjellsider, måla med akvarell og teikna sirlege kart for å finne ut korleis fjella i Noreg oppstod. 200 hundre år seinare og med nyare metodar, kranglar forskarane framleis om prosessane som ligg bak dei mektige toppane i Jotunheimen. For kor sikker er det mogleg å vere om endringar som hende for millionar av år sidan?

Billedkunstnaren Hanne Åmli har igjen teke fram oljemåling, leire og lerret for å lage eit rom der kunst og forsking saman kan seie noko om korleis fjella blei til.

Kvifor er det fjell på jorda? Spørsmålet har vore stilt av forskarar i fleire hundre år. I 1820 blei Jotunfjeldene offisielt oppdaga og registrert gjennom ein ekspedisjon som inkluderte fjellklatring, kartteikning og akvarellmåling av studentane Christian Boeck og Baltazar Keilhau . Dei geologiske skildringane skulle gi informasjon om jordas oppbygging.

To hundre år seinare lærar forskarar i geologi stadig meir om korleis fjellkjedene har oppstått. I bergartane som omgjev oss, kan geologane sjå spor etter prosessar som gjekk føre seg for fleire millionar år sidan. Men det kan vere vanskeleg å forstå dei enorme kreftane som har skapt fjella og som flyttar kontinent. Korleis kan vi som menneske ha forståing om endringar som tek millionar av år?

Korleis kan så kunstverka og deira uttrykk som metaforar for geologiske prosesser i naturen verke?

​Hanne Åmli fortel at hennar prosjekt er knytt til steinanes og fjellas historiske arkiv. Forståinga av materien og korleis kreftar verker inn på kvarandre gjennom trykk og temperaturforandringar, er sentrale tema i utstillinga. Fargebruken og dynamikken i linjene skal vitne om denne flyten i ei jordskorpe som sakte, sakte har endra seg. Professor i geologi, Haakon Fossen, frå Universitetet i Bergen, forskar og geolog Henrik H. Svensen frå Universitet i Oslo og geolog Gurli Meyer, forskar og leiar for fastfjellsgeologi ved Norges geologiske undersøkelse (NGU) har bidrege med informasjon om dei geologiske prosessane i danninga av Jotunheimen.

I eit prosjekt som beveg seg mellom geologisk forsking og kunstens uttrykk, inspirerer fagfelta kvarandre til å skildre fjella sitt opphav. Oppdagarane av Jotunheimen tok i bruk akvarellblokken til å skildre eit ukjent landskap. I denne utstillinga gir måleria ei visuell inngangsport til dei oppdagingane geologar forskar på i dag.

Utstillinga har tidlegare hengt på Universitetsmuseet i Bergen.

Later Event: October 3
Familiedag