Breane minkar, og faren for jord-, flaum- og sørpeskred aukar med varmare vêr, meir nedbør og mindre frost i bakken. Men kor store endringar kan vi vente oss i åra framover? Klimaforskar Ketil Isaksen gir oss eit innblikk i korleis vêr og landskap i fjellområda kan komme til å sjå ut i framtida.
Ketil Isaksen er seniorforskar ved Meteorologisk institutt. Han har studert permafrost og klima i Skandinavia og på Svalbard i årevis. Permafrostens følsemd for klimaendringer og ekstreme vêrhendinger står sentralt i forskinga.
Foredraget er ope for alle og vert heldt i samband med ei arbeidssamling om "Klimaendringar og utfordringar for fjellturisme og redningstenesta" som Nasjonalt Kompetansesenter for Fjellredning arrangerer desse dagane.
Lenke til foredraget kjem her.