Back to All Events

UTSTILLING / Kledd i natur


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Er det tid for å byte allvêrsjakka med ei jakke i skinn, ull eller stoff laga av tre? Eller vil du bruke turkleda du allereie har i nye 20 år?

Utan vindtette turklede hadde fjella vore utilgjengelege for oss. Dei første menneska som kom til Noreg for 12 000 år sidan, klarte seg fordi dei kunne lage klede av dyreskinn. For moderne menneske var det ull, tova ull og vindtett bomull som gjaldt. Heilt til plastikken kom inn i kleda i førre hundreår og gjorde dei vasstette. Frå 1990-talet blei Gore-Tex-jakka allemannseige.

Mista vi noko på vegen mot dei vasstette kleda? Toler naturen at vi fortsett med klede i plast og miljøskadelege stoff? Roald Amundsen kledde seg i pels for sine ekspedisjonar. Kan vi gjere det same?

Skinngarvarane Sofie Kleppe og Roni Öhman i Jutulskinn har henta skinn frå rein i Jotunheimen, garva dei med naturlege råvarer, sydd dei om til friluftsklede og testa dei på tur. Kan dei kle oss for tur i framtida?

Seniorforskar Ingun Grimstad Klepp ved SIFO/OsloMet er oppteken av langsame og lokale klede. Ho har lenge arbeida med moglegheiter for forbetringar i verdikjeda for ull i Noreg, forbruk av klede og friluftsliv. Klepp har skrive tekstane til utstillinga.

TEMPORÆR UTSTILLING - 21. MAI - 10. OKTOBER

VARM: Roald Amundsen kledde seg i pels på sine ekspedisjonar. Foto: Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum