Back to All Events

DIGITAL arbeidssamling // Klimaendringar og utfordringar for fjellturisme og redningstenesta


Grunna situasjonen kring covid-19, er arbeidssamlinga gjort om til ei DIGITAL SAMLING

Breane minkar, og faren for jord-, flaum- og sørpeskred aukar med varmare vêr, meir nedbør og mindre frost i bakken. Men kor store endringar kan vi vente oss? Korleis får vi formidla gode ferdselsråd til turistane? Korleis kan turistnæringa og redningstenesta sjølv førebu seg på endringane som kjem i fjella? Dette søker vi å finne gode løysingar på under arbeidssamlinga på Norsk fjellsenter. Arrangør er Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning.

PROGRAM:

Klimaendringar og utfordringar for fjellturisme og redningstenesta.

TORSDAG 19. NOVEMBER 2020:

13:00:    Velkommen ved Mai Bakken og Dag Inge Bakke, Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning

13:05:    Kort innleiing ved Albert Lunde

13:10:   Korleis vil eit varmare klima påverke vêret og endre landskapet på regionalt nivå? Foredrag ved Ketil Isaksen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

14:15:   Fjellturisme og geofare i eit klimaendra landskap. Foredrag ved Krister Kristensen, Norges Geotekniske Institutt

15:15:    PAUSE

15:30:    Arbeidsøkt i grupper: Korleis kan me omsette desse forskingsresultata i gode ferdselsråd for fjellturistar og god beredskap i fjellredningstenesta?

16:30:    Diskusjon og oppsummering i plenum

FREDAG 20. NOVEMBER 2020:

08:30:    Kort presentasjon av dagen ved Albert Lunde

08:35:    Trygging av turvegnettet i Alpane – ein modell for risikohandtering. Videoforedrag ved Peter Plattner frå Østerrike, fjellførar, rettssakkyndig ved fjellsportulykker og sjefsredaktør i bergundsteigen, eit tidsskrift for risikostyring i fjellsport.

09:30:    PAUSE

10:00:    Trygg og berekraftig landredningsteneste i Arktis – korleis møter ein utfordringane? Foredrag ved Martin Indreiten, Arctic Safety Center.

11:00     Arbeidsøkt i grupper: Kor gale kan det bli?  Skissèr tre ekstreme ulykkesscenario etter alvorlege geofarehendingar i norske fjell. Kan slike ulykker førebyggjast? Korleis må redningstenesta tilpasse seg for å handtere slike situasjonar på ein trygg og effektiv måte?

12:00:    Diskusjon og oppsummering i plenum.

PRIS: 500

PÅMELDING: Meld deg på direkte via linken under, eller send ein e-post til albert@norskfjellsenter.no

Foto: Krister Kristensen/NGI