Back to All Events

Naturen som lykkepille // nettforedrag // Johanne Refseth

Naturen gir oss ei kjensle av meistring, sjelefred, ro, unike opplevingar og stemningar. Men kor viktig er det eigentleg? Kva seier forskinga? Og kan vi ty til naturen i alle typar kriser?

Johanne Refseth, ute-elskar, psykolog og personen bak bloggen og instagramkontoen @psykolog.med.sovepose, går djupare inn i friluftsliv og psykisk helse i dette foredraget. Med utgangspunkt i eigne erfaringar stillar ho spørsmål som: Kva er psykisk helse for oss vanlege friluftsfolk? Funkar naturen betre enn lykkepiller? Og når treng vi noko anna enn natur for å få ro i sjela?

Foredragsserien "Torsdag kveld på Norsk fjellsenter" er attende, denne gong i digitalt format. Lenke til foredrag kjem her. Foredraget er tilgjengeleg ut sundag 8. november.