NORSK FJELLSENTER I LOM
ARRANGEMENT
NYHEITER
Sommarjobb i Lom?
Er du glad i naturen, fjella, dei hardføre dyra og plantene som lev der, og nysgjerrig på korleis klimaet påverkar alt? Er du i tillegg nysgjerrig på kulturhistorie og Noreg sine nasjonalparkar? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap både i resepsjonen og utstillingane på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen.
Prosjekt Fjellviten
Kva skjer nede i bakken når gjennomsnittstemperaturen aukar? Og korleis blir dyr, planter og menneske påverka? Det, og andre endringar i høgfjellet, skal vi lære meir om gjennom prosjekt Fjellviten. Når instrumenteringa og nettsida er på plass, kan også du følge med på alle målingane i sanntid.
Les meir om prosjektet her: Klimapark på Juvfjellet ved Juvasshytta i Jotunheimen installerer temperaturmålere for permafrost
Venn med museet?
Venner av Norsk fjellmuseum får gratis inngang heile året. I tillegg får turkameratar inngang til halv pris. Meld deg inn eller betal kontingenten din her.
Brearkeologisk utstilling
Kom og sjå dei fleire tusen år gamle skattane som smelter fram frå isen i fjella. Verdas best bevarte forhistoriske skipar, Noreg si eldste pil og landet sin einaste vott frå vikingtida. Hels på ein 500 år gammal hund og sjå 96 andre gjenstandar frå forfedrane våre i landet si største utstilling av arkeologiske funn frå is.
Verdskjende arkeologiske funn
Fleire av dei unike arkeologiske funna i utstillinga på Norsk fjellsenter stammer frå vikingane og forfedrane våre sin ferdsel over fjellet. Kvifor gjekk dei høgt til fjells? Kva skulle dei? Og kvifor la dei att så mange spor? Her kan du sjå eit digitalt foredrag med arkeolog Espen Finstad og kjentmannen Reidar Marstein om “Vikinganes gløymde ferdselsveg”.
Takka ja til å bli med på laget
Tilsettingane er på plass, og nokre spennande år er i vente for prosjekt Fjellviten i Lom.
Les meir her: https://norskfjellsenter.no/nye-krefter-til-prosjekt-fjellviten
Ny utstilling
I anledning FNs internasjonale år for brebevaring i 2025 lager Norsk fjellsenter ei utstilling i samarbeid med NVE og nokre av dei fremste breforskarane i landet.
Utstillingsopning 5. juni kl. 18.00.
No kan du også oppleve utstillinga digitalt: Digital versjon av utstillinga
Les meir her: Breåret 2025
Europeisk kulturminnepris til det brearkeologiske sikringsprogrammet
Secrets of the Ice får “Den europeiske kulturminneprisen/Europa Nostra Award 2025” for sitt banebrytande forskings- og formidlingsprogram.
Frimerke med verdskjende brearkeologiske funn
I dag lanseres to nye frimerke med motiv av gjenstandar frå utstillinga på Norsk fjellsenter.
Det er Posten som lanserer frimerka som viser eit hundeskjelett (1500 e.Kr.) og verdas best bevarte forhistoriske skipar (700 e.Kr.).
Film: Frys film
(Aprilsnarr, men verd å sjå) Gjennombrot i brearkeologien: Dansargange!
Les heile intervjuet med brearkeolog Espen Finstad om Dansargange: http://norskfjellsenter.no/dansargange
Turtips: Naturstig frå Krossbu
Naturstigen er ein merka rundtur på 6 km i Jotunheimen, som tek deg gjennom variert og lettgått terreng. Turen startar Krossbu, inn til Bøvervatnet og attende.
Langs stigen kan du lære om brelandskapet som er forma her gjennom tusenvis av år. Lær om daudislandskap og kartlav, korleis elva formar naturen og kvifor brevatnet får den skarpe turkise fargen. God tur!
20 millionar frå Sparebankstiftinga DNB!
Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 skal saman med fleire leiande forskingsinstitusjonar utvikle "verdas viktigaste klasserom" med høgfjellet som kunnskapsarena. Prosjekt Fjellviten er i gang!
Les meir her: 20 millionar til Norsk fjellsenter
Brearkeologi er eit kappløp mot tida
Sjå filmen om dei fleire tusen år gamle gjenstandane som smeltar ut av isen. 100 av funna kan du sjå på Norsk fjellsenter i utstillinga “Frose i tid”.
Kven mista bestevenen sin på fjellet for 500 år sidan?
Av ein eller annan grunn skilte hunden lag med eigaren sin og blei liggande att i isen på Lendbreen, 1900 moh. Skjelettet er i god stand og nesten komplett. Beina blei funne saman med eit halsband laga av ei vidjespenning. Sjå hunden og 99 andre spor etter forfedrane våre i utstillinga Frose i tid.
Glad i fjella?
Kom og opplev fire årstider i fjellheimen, form ditt eiga landskap, hels på mammutar, sniff inn lukta av sure sokkar i ei “ekte” turistforeiningshytte og sjå funna frå fjellvikingane. Prøv rebusløypa og leik dykk i vêrrommet! På Norsk fjellsenter blir du betre kjent med fjella, naturen og forfedrane våre.
Klimapark 2469 på VR-turné
Over 2000 ungdomsskuleelevar i Innlandet fekk i haust besøke istunnelen på Juvflye – frå klasserommet. Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 har reist frå fjell til flatbygd med VR-briller for å fortelje om is som forsvinn og kulturskattar som smeltar fram. Etter sommaren er det Valdres som står for tur!
Les meir her: Den kulturelle skulesekken
