TAKKA JA TIL Å BLI MED PÅ LAGET

Tilsettingane er på plass, og nokre spennande år er i vente for prosjekt Fjellviten i Lom.   

 «Gjennom prosjekt Fjellviten vil vi ta nye steg innan forskingsformidling og tydeleggjera rolla vår som lærings- og opplevingsarena for unge og unge vaksne».

Live Heldal Hagen og Jakob Thorbek som nå er tilsett, skal vere med på å vidareutvikle Norsk fjellsenter og prosjekt Fjellviten, og vi er veldig tilfreds med at nettopp desse to takka ja til å vere med oss.

Live arbeider som forskar og prosjektleiar på NMBU. Ho har ein doktorgrad i mikrobiell økologi, kompetanse innan forsking på komplekse økosystem, og eit brennande engasjement kring det å forstå og formidle klima og natur i endring. Live er opprinneleg frå Skjåk og ser ein moglegheit til å kome attende for ei periode, medan prosjekt Fjellviten pågår.  
 
Jakob Thorbek er interaksjonsdesignar, bur og driv sitt eige firma i København. Han har vunne fleire prisar for sitt design gjennom arbeidet med forskjellige utstillingar. Jakob samarbeidde med oss i den nyaste utstillinga vår, «Frose i tid», der han laga spennande animasjonar knytt til dei brearkeologiske funna. Jakob er begeistra for Lom og regionen, han tok familien sin med seg hit i sommar og drøymer om å busette seg her.  

Prosjekt Fjellviten er eit forskingsformidlingsprosjekt med utgangspunkt i Klimapark 2469 ved Juvflye i Jotunheimen. Bak prosjektet står Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter saman med fleire nasjonale forskingsinstitusjonar. 

 “Vi ynskjer å aktivt engasjere folk, spesielt dei yngre, i overvakinga av klima og naturendringar i høgfjellet, og har som mål å fremme større forståing for korleis klimaendringar påverkar høgfjellsområder. “ 

Prosjektet fokuserer på å forbetre sanntidsovervaking av permafrost, klima- og naturendringar i høgfjellsområda i Norge, særleg i Jotunheimen. I løpet av fire år vil det bli etablert digitale og fysiske plattformar for datadeling, med vekt på å involvere vidaregåande skuleelevar i utvikling av kunnskap. 

«Vi som arbeider på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 ser, saman med forskarnettverket som er knytt til oss, verkeleg fram til at Live og Jakob skal starte opp arbeidet for fullt i januar 2025.»  

Forskarnettverket omfattar NINA, Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Bjerknessenteret, NTNU og NVE.

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.