
Secrets of the Ice
Dei siste åra er det gjort tusenvis av arkeologiske funn der snø og is smeltar i fjellet. Halvparten av alle fonnefunn i verda, blir funne i Oppland fylke. Følg den spennande brearkeologien på Secrets of the Ice!

Søk i fjellmuseet sine samlingar
Fotografi, utstoppa dyr, minne frå DNT si historie og gjenstandar frå den tidlege fjellturismen - nå kan du sjå fjellmuseet sine samlinger på nett. Gå hit for å sjå samlinga.

Lom skifestival
Gi skisesongen ein tidleg start og ta turen til Lom skifestival. Kvar november inviterar vi snøelskande og skiglade folk til å starte skisesongen i lag med oss i Jotunheimen. Turar på den fyrste snøen, bål, foredrag, film og fine folk er ingridiensane i ein intim og triveleg festival på Norsk fjellsenter. Følg med på nettside og Facebook.

Klimapark 2469
Istunnelen har fått tre nye rom i 2019! Utforsk fortid og notid i istunnelen ved Galdhøpiggen: 70 meter inn i isen - 7000 år attende i tid.
Bli med på guida fottur gjennom Klimapark 2469 på Noreg sitt tak inn i ein 375 kvadratmeter stor, lyssett istunnel. Lær om natur, dyreliv, gamle jakttradisjonar og klimaendringar. Opplev tinande permafrost, smeltande snøfonner og dei sensasjonelle fonnefunna: eldgamle kulturminne smelta fram frå tusenårsgamal is.

Gåvekort for to
Gje ei oppleving i gåve! Gåvekortet inkluderer inngang på utstillingane på Norsk fjellsenter.




