I haust fekk Lom kommune tildelt midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å gjennomføre prosjektet Forenkling av utmarksforvaltninga.
Eliminere tidstjuvar
Prosjektet er viktig og interessant for Lom. Store utmarksområde, vern, landbruk og anna næringsverksemd i utmark er kjenneteikn på kommunen. For både forvaltning og brukarar er det nyttig å sjå på kva som kan gjerast for å gjere informasjon og søknads- og rapporteringsrutiner lettare tilgjengeleg.
Målet blir å eliminere «tidstjuvar» og gjere søknadsprosessar og liknande til ei betre oppleving for dei som skal bruke utmarka vår, samtidig som forvaltninga får frigjort tid til å prioritere viktige arbeidsoppgåver.
Sander Sælthun i Lom kommune seier at erfaringane og resultata frå prosjektet forhåpentlegvis vil gjere utmarksforvaltninga meir robust og mindre sårbar, gi auka verdiskaping hos næringslivet og ha overføringsverdi til andre plasser i landet.
Samling med brukarar
Prosjektet skal vere brukarretta. Difor vart det i februar invitert inn brukarar av utmarka som ville ha relevante innspel og erfaringer. Vi var samla på kommunehuset til ein dag med informasjon og gruppearbeid, og dagen gav oss mange nyttige attendemeldingar frå ei engasjert og aktiv brukargruppe.
- Lom kommune ser på dette prosjektet som ei vidareføring av det gode arbeidet som allereie er lagt ned innan utmarksforvaltninga i Lom. Det er spennande med eit auka brukarfokus, der vi i tett dialog med aktuelle brukarar ser på forbetringspotensial i alle ledd av forvaltninga, seier Åshild Amundsen i Lom kommune.
Om prosjektet
Prosjektet går til hausten 2019, og undervegs arbeider ei prosjektgruppe med ulike relevante problemstillingar. Denne gruppa er sett saman av Lom kommune ved Åshild Amundsen og Sander Sælthun, Lom fjellstyre ved Odd Repp, Kari Sveen som er nasjonalparkforvaltar for Jotunheimen, Mai Bakken frå Norsk fjellsenter og Anne Silje Berg, prosjektleiar, også frå fjellsenteret. Også ei referansegruppe er sett ned. Her sit Knut Vole frå Glitterheim, Trond Berger frå Statskog, Anne Wangen frå Juvasshytta, Erik Frisvold frå Lom fjellstyre og Leif Morten Plassen frå Lom kommune.
Les meir om tilskotsordninga her.
Jan Tore Sanner om tildelinga til Lom kommune.Kommunal- og moderniseringsminister