Sidan mai har Livia Sauter vore lærling her på Norsk fjellsenter. Her er ho med i den daglege drifta på besøkssenteret og i museet, og arbeider saman med dei øvrige sommartilsette i skranken og utstillinga. Arbeidsoppgåvene hennar er varierte, og ein vanleg arbeidsdag startar med å starte opp utstilling, sørgje for at butikken er ryddig, starte skjermer og kaffemaskin og elles sjå til at alt er i stand før dørene opnar.
- Eg guidar også grupper i den brearkeologiske utstillinga. Gruppene er ulike, og vi har heile spennet frå pensjonistar på busstur til skuleklasser innom her, fortel ho. Når Livia guidar grupper, fortel ho om gjenstandane, kva dei er laga av og kor gamle dei er, historia bak og teoriar om bruk. - Eg forsøker å få folk til å lage seg eit bilde i hovudet på bakgrunn av det eg fortel dei, seier ho. Og nettopp dette, å sette tankane i sving hjå dei som går i utstillinga, er viktig.
(Fortset under bildet.)
- Du har varierte arbeidsoppgåver. Korleis trivst du med det?
- Her har vi både dagar som heilt og fullt går med til å møte folk som er på besøk, og dagar som vi bruker til praktiske oppgåver som golvvask når vi trengs til det. Det er ein slik variasjon eg trivst med, seier Livia. - Aller best trivst eg med å prate med folk, og vi har gjestar frå mange land. Det meste går føre seg på norsk og engelsk, men innimellom må eg trø til med tysk. Livia fortel at ho også er i gang med å lære seg spansk.
Livia fortel at det var vanskeleg å finne lærlingplass i fyrste omgang, men at ho etter kvart kom i kontakt med Lærlingkontoret Gudbrandsdalen. Dei har lagt opp løpet for lærlingtida til Livia. Opplegget gjer at ho er innom fleire bedrifter: Fjellstugu, campingplass, her på fjellsenteret og den neste bedrifta ho skal til, i oktober, er destinasjonsselskapet Nasjonalparkriket.
- Kvifor er det reiseliv du har bestemt deg for å arbeide innafor, Livia?
- Innafor reiselivet er det arbeidsoppgåver som passar meg: Eg kan prate med folk og vera sosial, rettleie, informere og gje folk den servicen dei skal ha når dei er på besøk hjå oss. Og så har eg vokse opp i ei reiselivsbedrift og har det under huda, så og seia. Det er dette eg ser for meg er framtida mi i arbeidslivet, seier Livia.
Og vi kan skrive under på at Livia har valgt rett hylle - med arbeidsiver, nysgjerrigheit og god serviceinnstilling har ho vore ein stor ressurs her på fjellsenteret denne sommaren.