Ny hovudutstilling under arbeid

På fjellsenteret arbeider vi nå med ny hovudutstilling med arbeidstittelen Fjell fortel som skal opne i 2018. Menneske og fjell står framleis i fokus, og det er historiene frå fjella vi ønskjer å fortelje, både dei store og kjende og små og kanskje gløymde. I samlinga vår har vi eit spennande utval gjenstandar som vi ønskjer fram i ljoset. Vi ser fram til å syne fram og formidle gjenstandar og tema også frå den tidlegare hovudutstillinga på nye og spennande måtar. I dette arbeidet vil vi sjølvsagt nytte fagpersonar og lokale ressursar i arbeidet med utstillinga. Utstillinga opnar i 2018. 

Den nye utstillinga vil femne om mange tema som strekkjer seg frå geologi til fjellturisme og brearkeologi.

Enn så lengje ønskjer vi velkomen til utstillinga Over isen- funn frå isen viser veg som vil stå ut sesongen 2017.

Kontaktperson:
Thea Dalen
thea@norskfjellsenter.no