I går kunne vi endeleg opne dørene på nybygget vårt for publikum! Mange lomværar har allereie vore innom oss, og det er vi veldig glade for. For oss er det viktig at både lokale og tilreisande tek turen innom. Dei siste veke har titals handverkarar stått på nær sagt døgnet rundt for å lande byggeprosjektet - og det har dei gjort på ein svært god måte. Frå planlegging til utføring har vi hatt med oss positive, løysingsorienterte og særs dyktige folk. Nokre detaljer står att, og til den offisielle opninga 3. juni skal alt vera på stell.
Mange spør oss om kven som har stått for utføringa av byggeprosjektet. Det er ikkje få! Vi nemner i fleng:
Nordplan AS, avdeling Vågå: Sivilarkitekt Anne Katrin Taagvold har teikna nybygget vårt. Steinar Løkken har vore byggeleiar.
Brun Bygg AS: Hovudentreprenør. Takk til Simen Aspen Løken for stålkontroll på byggeplassen! Brun Bygg har òg stått for arbeidet med peisen.
Proel AS: Dyktige elektrikarar og lærlingar har stått for montering av den viktige belysninga og det elektriske arbeidet ellers.
Lalm handverksenter: I snekkerverkstaden på Lalm har dei fine møblane våre vorte produsert: Skranke, sittegrupper, butikkmøblar og bokhyller. Snart kjem også utemøblar.
Oddmund Fjeld AS: Ingen sak med anleggsfolk som både kan handtere gravemaskin og har estetisk og praktisk sans!
Torbjørn Nielssen, Spekter Kommunikasjon: Belysning og interiør.
Vi vil også takke Toftemo Naturtorv, Lillehammer Ventilasjon, Øystein Bakke, Reidar Marstein, Byggern i Vågå, Jeva håndverk, Anders Haugli, Nils Teigen, Reidar Berg og alle leverandørar. Martin Innerdal Dalen, Tone Jorunn Tveito og Johan Wildhagen for foto.