Nytt namn, ny heimeside

Sidan Norsk Fjellmuseum opna i 1994 har det kome inn mange andre arbeidsoppgåver og funksjonar i tillegg til at vi er eit museum. Vi har lenge sett behovet for ein tydeleg overbygnad for alle dei funksjonane og aktørane vi husar her – og tanken om eit fjellsenter er utvikla over tid. Over ei lengre periode har vi jobba med ei fornying av innhald og fasade, og det fell naturleg å også introdusere det nye namnet Norsk fjellsenter nå som byggeperioden snart er over. Norsk Fjellmuseum blir ein av mange aktørar under namnet Norsk fjellsenter, på same måte som besøkssenteret for nasjonalparkane, forvaltningsknutepunktet, Gudbrandsdalsmusea og dei andre leigetakarane våre. Her skal Norsk Fjellmuseum og dei andre aktørane på huset samhandle under den felles overbygnaden Norsk fjellsenter. Du er nå inne på den nye heimesida vår www.norskfjellsenter.no. Her vil vi leggje ut nyhende både om besøkssenteret, fjellmuseet og anna relevant og spennande informasjon til besøkande.

På fjellsenteret har vi ambisjonar om å ta rolla som Oppland og Noreg sitt fyrtårn innan forvaltning og formidling av fjellet si historie, ressursar og kvalitetar. Vi vil skape det mest heilskaplege og spennande fjellsenteret i Noreg, og vi vil vera synlege nasjonalt og internasjonalt som ein styrka samfunnsaktør.

Velkome til Norsk fjellsenter!