Foredrag: Er snøen og breane evige?

”Der ligger et land mot den evige sne”, heiter det i fedrelandssongen med tekst av Bjørnstjerne Bjørnson og melodi av Rikard Nordraak. Men er snøen og isbreane evige?

Atle Nesje er professor og klimaformidlar frå Universitetet i Bergen/ Bjerknessenteret for klimaforsking, som mellom anna er ein av samarbeidsaktørane i Klimapark 2469. Denne kvelden kjem han til Lom og fortel om breane si utvikling.

Atle Nesje er kjend for mange gjennom både radio og tv. Hugsar du serien Arkeologane som gjekk på NRK for eit par år sidan? I denne episoden møter du mellom andre forskar Atle Nesje. Sjå Arkeologane her. I denne episoden vitjar dei mellom anna klimaparken og istunnelen på Juvflye.

Dørene opnar klokka 19. Inngang 50,-.