Back to All Events

FOREDRAG // Naturparadokset // med forfattar og journalist Marit Beate Kasin

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Eit foredrag om naturen vi mistar, og korleis vi kan få den attende.

Marit Beate Kasin, forfattar av den svært aktuelle boka Naturparadokset, setter søkelyset på det store naturtapet som foregår rundt oss. Sjeldan har ei bok vore meir relevant i ei tid kor stadig fleire blir oppmerksomme på korleis naturen blir bygd ned og dyra forsvinn.

Har nordmenn sin hyttedrøm blitt naturen sitt mareritt? Vi blir med forfattar Marit Beate Kasin til fjells og observerar korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegar fortrenger villreinen frå deira leveområder. Snart er det lite villmark og naturskog att i Noreg. Sjølv om skogen sitt unike artsmangfold er lovfesta, blir verneverdige tre hogd ned, og antalet rovdyr blir halde på eit kritisk lavt nivå.

Vårt overforbruk av naturressursar har ført oss inn i klimakrisa, som vi nå prøver å løse ved å bygge vindkraftanlegg – noko som raserer uberørte område. Boka Naturparadokset er ei utforskning av interessemotsetningar og truga natur. Forfattaren avdekker gapet mellom gode intensjonar og faktisk praksis.

Marit Beate Kasin er nominert til Brageprisen for boka Naturparadokset.

Dørene opnar kl. 18.30 og foredraget startar kl. 19.00.

Inngang: kr. 100,-.