Back to All Events

BREKVELD // Friluftsliv på bre før, nå og i framtida

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

2025 er det internasjonale året for brebevaring, og det ynskjer vi å markere ved å samle ei handfull solide fjellfolk til å snakke om sine erfaringar med breis.

Denne kvelden passar for alle som likar friluftsliv og gode historier.

Du får sjå bilder frå brekurs og -turar på 90-talet og om korleis fjellføringa har utvikla seg gjennom åra. Kor farleg er det eigentleg å gå på bre, lurar du kanskje? Usikker på kva du bør ha i sekken på vårskitur til Smørstabbtindane? Iver Aakre har garantert gode tips. Er du nysjerrig på kva som kan skje når breane smeltar? Det kan Albert Lunde fortelje deg.

Velkommen til Norsk fjellsenter måndag 24. mars.

Dørene opnar kl. 18.30 og programmet startar kl. 19.00.

Program for kvelden:

· Kjell Ola Haugen og Nils Arne Haugen fortel om sine breturar og brekurs på 1990-talet.

· Anne Wangen om fjellføring frå Spiterstulen og Juvasshytta gjennom mange år.

· Albert Lunde om breulykkar historisk og kva slags utfordringar vi vil få med eit klima i endring.

· Iver Lund Aakre (Fyrst & Fremst) om turar på bre både sommar og vinter, utstyr, erfaringar og ting å tenkje på.

· Kahoot med premiar frå DNT Gudbrandsdalen og Norsk fjellsenter.

Dørene opnar kl. 18.30 og arrangementet startar kl. 19.00.

Gratis inngang.

Sal av kaffe og biteti.

Velkommen til ein triveleg og sosial kveld på Norsk fjellsenter.

PS. Har du bilder frå brekurs med Nils Arne Haugen eller Kjell Ola Haugen? Send dei gjerne til Anita Haugen i DNT Gudbrandsdalen.