Velkommen til dagseminar om Reinheimen og villreinen på Norsk fjellsenter, måndag 5.juni 2023.
Reinheimen er eit av dei største villmarksprega fjellområda i Europa, der villrein har sitt leveområde. Nå kan du vere med å påverke rammene for bruk og vern i Reinheimen. Vi inviterer til dialog om forvaltning og brukarinteresser. Godt program og god lunsj!
Program:
09:30 – 10:00 Frammøte og kaffe
10:00 – 10:10 Velkommen ved Mai Bakken, dagleg leiar ved Norsk fjellsenter
10:10 – 10:30 Forvaltningsplan for Reinheimen – balansen mellom bruk og vern, ved Kristine Sørlie og Mari Melbø Rødstøl, nasjonalparkforvaltarar for Reinheimen nasjonalpark
10:30 – 11:15 Kvalitetsnorm for villrein – nytt verktøy for å betre levekåra for villrein. Status og utfordringar, ved Roy Andersen, Ny dagleg leiar for Norsk villreinsenter (Hjerkinn)
11:15 – 11:45 Frå ysteri til Seterpensjonat - Billingen, innfallsport til Reinheimen, ved Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdingsgren, vertskap på Billingen Seterpensjonat
11:45 – 12:45 Lunsj frå Billingen Seterpensjonat
12:45 – 13:45 Brukarundersøking i Reinheimen 2022: Ferdsel i villreinfjellet, ved Yosra Zouhar, avdelingsingeniør, NINA og Vegard Gundersen, seniorforskar, NINA
13:45 – 14:00 Pause og innleiing til dialog i grupper
14:00 – 15:00 Dialog om bruk og vern – arbeid i grupper
15:00 – 15:15 Kviss med premiar
15:15 – 15:30 Spørsmål og oppsummering
Påmelding innan torsdag 1.juni til: post@norskfjellsenter.no
Foto: Vegard Lødøen
Arrangementet på Facebook: https://fb.me/e/zShImNXE