Back to All Events

Frose i tid / UTSTILLINGSOPNING

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom.

Isen i snøfonnene har vore ein påliteleg skjulestad. Gøymd på meir enn 4000 gjenstandar frå menneska som var her før oss. Frose ned gjenstandar av tre, skinn og ull. Ein 6000 år gammal pil, ei hestetruge, ein vott frå vikingtid, ein hund med halsband og verdas best bevarte forhistoriske skipar har alle hatt sine år i isen.

I dag smelter dei fram. Heldigvis er isen overvaka og nye funn berga gjennom eit brearkeologisk sikringsprogram i regi av Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum.

Frå 10. juni kan du sjå 100 av gjenstandane dei har funne i et heilt nytt ljos i utstillinga Frose i tid på Norsk fjellsenter i Lom.

PROGRAM FOR OPNINGSDAGEN:

16.00: Velkomen

16.15: Presentasjon av det brearkeologiske sikringsprogrammet

16.25: Presentasjon av utstillinga

16.40: Kulturinnslag med Gjeling-Ljomen, nyskrive sang av Reidar Marstein og Espen Finstad

17.00: Offisiell opning av Frose i tid

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkomen!

Sjå arrangementet på Facebook

Fotomontasje: Live Andrea Sulheim. Skjelettfoto: Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo