Det er vår og eit yrande fugleliv. I Åsjo naturreservat ligg svanene på reir med selskap av eit stort tal andre fugleartar. Korleis blir fuglane påverka av endringar i klima, arealbruk og økosystem? Geir Høitomt tek oss med ord og bilde inn i fuglelivet eit større perspektiv. Lokal hobbyornitolog Per Bådshaug ser nærare på Åsjo som hekkeplass og trekkområde.
Geir Høitomt er biolog og har arbeidd med fugl, botanikk, fisk og anna naturmangfald gjennom mange år, og er nestleiar i Fugleforeninga i Oppland (NOF). Per Bådshaug er hobbyornitolog med god kjennskap til fuglelivet i Åsjo naturreservet, rett utanfor Lom sentrum.
Dørene opnar klokka 19.
Inngang 100,- inkl. kaffe og biteti.