Back to All Events

Polarheltinner

Vi gler oss over at forfattar og friluftsentusiast Sigri Sandberg kjem til fjellsenteret i april!

Sigri er ein populær formidlar og forteljar, og i april kjem ho til fjellsenteret med foredraget Polarheltinner, basert på boka med same namn som kom ut i 2012 på Gyldendal.

Her får vi høyre om røffe kvinnfolk i polare strøk. Sju kvinner frå fangstliv, ekspedisjonar og forsking dei siste hundre åra. Historier om orkaner, polpunkt, isbjørn- og sponsorjakt - og ein dramatisk fødsel i ei fangsthytte. Desse kvinnene forlet det trygge og sette spor etter seg i nådelaus natur, polarhistorien og i mange mannehjerte. Foredraget avslører ukjende fakta, nye fortellinger, og prøver å forklare dragninga mot isbaks, kulde, ro og einsemd. Vi møter mellom andre Cecilie Skog, Wanny Woldstad, Liv Arnesen og Hanna Resvoll-Holmsen.

Les meir om Sigri Sandberg her.

Dørene opnar klokka 19.
Inngang 150,-.